Ane Brun

European Tour 2020

Kjøp billett

Med to splitter nye studioalbum i bagasjen er Ane Brun meir enn klar for ein omfattande europaturne som inkluderer fleire datoar her til lands. Norgesdatoane har blitt flytta to gonger pga. pandemien.

Ane Brun har hatt ei eventyrleg reise som artist sidan debutalbumet ”Spending Time with Morgan” i 2003. Seksarane har trilla tett etter ei rekke briljante album og fantastiske konsertar. ”It All Starts with One” (2011), ”When I’m free” (2015) og coveralbumet Leave Me Breathless” (2017) er nokre av høgdepunkta. Dei ferske ”After The Great Storm” og ”How Beauty Holds the Hand of Sorrow” er nye toppfavorittar som føyer seg fint inn i gullrekka.

”Directions Tour” 2015/16 demonstrerte tydeleg at Ane Brun er blant våre aller beste liveartistar. Siden den tid har Ane hatt ei rekke konsertar i ulike konstellasjonar – solo, duo, med band og med diverse symfoniorkester. Ane Brun stiller med nytt liveband i 2021. Martin Hederos på piano/keys og Johan Johan Lindström på gitar/steel er med over fra det tidlegare superbandet. Ein ting er sikkert: Vi kan gleda oss til manger fleire uforgløymelege konsertopplevingar med Ane Brun! ”Ane Brun stiller i en helt egen klasse som popsanger.” Aftenposten ”Ane Brun er ikke bare en vokalist av Guds nåde, hun er også en drivende dyktig gitarspiller.” VG ”Alt her går opp i en høyere enhet, om vi snakker låtskriving, arrangementer eller fremføring.” Musikkmagasinet/Klassekampen

Ekstern arrangør: Talent Farm AS