Kjøp gavekort

Ola Kvernberg og Oslo jazzensemble

- Ballroom

Nina Holtan Oslo Jazzfestival2021 UTSKRIFT6

Billettpris

  • Voksen 395,-

Han vert hylla av kritikarar og publikum for konsertar og utgjevingar. Saman med Oslo jazzensemble leverte han eit tingingsverk der konsertmeldarar ikkje har høyrt han betre. No kan du oppleve Oslo jazzensemble og Ola Kvernberg - det ypperste jazzlandet har å by på.

Virtuositet får ny meining gjennom Ola Kvernberg. Det er ikkje berre det teknisk fascinerande, men i Ola Kvernberg sitt spel betyr virtuositet ei evne til å formidle musikk gjennom fela og ut i stadig nye lydlandskap som komponist. Han har blitt ein yndling blant filmskaparar for hans musikalske kjenslespekter, og gjennom et utall konsertar har musikken hans treft eit publikum langt utanfor den gjengse jazzlyttar.

Oslo jazzensemble består av landets ypperste musikarar på sine instrument. Musikarar som til saman nettopp har ei enorm breidde i uttrykk og musikalske personlegdom – og dette utnyttar Kvernberg til det fulle! Då han fekk i oppdrag av Oslo Jazzfestival å komponere eit verk for Oslo jazzensemble tok han med komposisjonspalletten for første gong til eit jazzorkesterformat - verket Ballroom vart urframført under opninga av fjorårets Oslojazz til ståande applaus.

Medverkande:
Ola Kvernberg, solist og komponist
Even Kruse Skatrud, musikalsk leiar
Frank Brodahl, trompet
Marius Haltli, trompet
Anders Eriksson, trompet, flygelhorn
Martin Myhre Olsen, sopransaks, altsaks
Børge-Are Halvorsen, fløyter, altsaks
Atle Nymo, tenorsaks, bassklarinett
Tina Lægreid Olsen, barytonsaks, bassklarinett
Even Kruse Skatrud, trombone og sousafon
Nilas Granseth, trombone
Martha Eikemo Andersen, basstrombone
Anders Aarum, piano, keyboard
Jens Thoresen, gitar
Trygve Waldemar Fiske, bass
Erik Nylander, trommer
Thor-Ivar Lund, lyd F.O.H

Praktisk info

Generell info

Sikker kjøpskanal

Tilgjengelighet

Gruppebestillinger og faktura

Hvor vil du sitte?

Relaterte
forestillinger

Ingen relaterte forestillinger