Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga
Langt heimafrå
Kl. 18:00
- Store sal Kjøp
Billettpris
- Ordinær 660,-
Spise litt før konsert?
Velg restaurant
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt!
Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 22.oktober kjem dei til Trondheim og Olavshallen og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.
Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i VInje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.
Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.
Ekstern arrangør: Stageway Talent
Praktisk info
Generell info
Sikker kjøpskanal
Tilgjengelighet
Gruppebestillinger og faktura
Hvor vil du sitte?
Hva skjer når?
Les mer