Doktordisputas: Gyrid Nordal Kaldestad
- "Det som er mellom"
Kl. 10:15
- Kammersalen Gratis
- Kammersalen Gratis
Prøveforelesning kl. 10.15
Disputas kl. 12.30
Spise litt før konsert?
Master Gyrid Nordal Kaldestad forsvarar offentleg for graden philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Det humanistiske fakultet, det kunstariske doktorgradsarbeidet:
Det som er mellom
Vurderingskomité
• Ph.d. Tale Næss Lysestøl
• Professor emeritus Per Anders Nilsson, Göteborgs universitet
• Professor Tone Åse, NTNU
Professor Tone Åse, NTNU, har administrert komiteen sitt arbeid.
Prøve over oppgitt emne
Prøve over oppgitt emne finn stad i Kammersalen, Olavshallen, tysdag 10. september 2024 kl. 10.15 over følgjande emne:
«Sammenhengen mellom det som berørte og det som berører» - hvordan inntrykk kan bli til uttrykk gjennom møter med andres kunstneriske arbeid.
Disputas
Disputasen finn stad i Kammersalen, Olavshallen, tysdag 10. september 2024 kl. 12.30.
Rettleiarar
Kandidaten sin hovudrettleiar har vore Professor Øyvind Brandtsegg, Institutt for musikk, NTNU. Medrettleiarar har vore Christian Blom og Marte Huke.
Refleksjonsdelen av doktorgradsarbeidet er tilgjengeleg i Research Catalogue: https://www.researchcatalogue.net/view/2350158/2350220
Samandrag
I doktorgradsprosjektet Det som er mellom har eg søkt etter å finne ein samanheng mellom dei ulike uttrykka eg som kunstnar gjennom åra har arbeida med. I dette arbeidet ligg det også eit forsøk på å plassere mitt arbeid i ein kontekst og eit forsøk på ein refleksjon om korleis og kvifor det kunstnariske arbeidet blir til, og korleis enkelte av kunstnarane eg gjennom åra er blitt inspirert av kan være med på å plassere mitt eige arbeid i ein større samanheng og kontekst.
Slik eg ser det er alt eg gjer på ulike måtar ein respons på noko, ei oppleving som ein tar med seg vidare inn i det kunstnariske arbeidet og som kan være inspirert av kunstverk og kunstnarskap, landskap, minner om landskap, minner om musikk og stader, menneske ein møter og minner om menneske ein har møtt. Tittelen på prosjektet fungerer for meg som ein referanse til det at eg som kunstnar kjenner at eg befinn meg mellom ulike utrykk, noko som har blitt tydelegare for meg gjennom desse snart fire åra som kunststipendiat. Snarare enn å definere meg som det eine eller det andre, bør eg kanskje godta at eg befinn meg i dette mellomrommet, at det ikkje er så viktig å definere seg sjølv, at behovet for å definere seg også ligg i noko utanfor ein sjølv, i
støtteordningar, i visningsstader eller i akademia.
Det å arbeide med samspelet mellom ulike kunstformer er nok for meg ein måte å søke etter ein form for poesi i det eg arbeider med, og at alt eg arbeider med spring ut frå eit fokus kring det sanselege, og i minna knytt til det sanselige både i lyd, lys, tekst og i det å etablere eit rom for ei kunstoppleving. Inspirert av kunstnarar som mellom andre Janet Cardiff, Yoko Ono, Verdensteatret, David Lynch, Joan Jonas, Manos Tsangaris, Jana Winderen, Verk Produksjoner, Siri&Snelle, Klaus Lang, Evelina Dembacke, Marte Huke og Olafur Eliasson tenkjer eg at det som er felles for alle desse, slik eg opplever dei, er at dei er i kontakt med det sanselege og det poetiske på ulike plan.
Foto: Gyrid Nordal Kaldestad (knyttet til den poetiske refleksjonen «Omgitt av bølger»)
Praktisk info
Generell info
Sikker kjøpskanal
Tilgjengelighet
Gruppebestillinger og faktura
Barn under ett år
Hvor vil du sitte?
Hva skjer når?
Les mer