Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim

fre. 01.11
Kl. 19:00
Are Kalvo 2024

Billettpris

  • Ordinær 500,-
  • Student 430,-
  • Gruppe 475,-
  • Dinner & a show 1140,-
Dørene åpner 20 minutter før

Spise litt før konsert?

Velg restaurant

Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle desse åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land.

Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Noreg og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk. Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden. Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.

Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.

For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Noregs minste kommune, Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling. Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss. No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?

Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar Kalvø - ein time av livet du aldri får tilbake (Komiprisen 2015), Toppar VG-lista og Hyttebok frå helvete, basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som Syden, Harry og Bibelen 2.

Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endeleg å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.

Ekstern arrangør: Stand Up Norge AS

Praktisk info

Generell info

Sikker kjøpskanal

Tilgjengelighet

Gruppebestillinger og faktura

Barn under ett år

Hvor vil du sitte?

Hva skjer når?

Først Spis på restaurantene
1 time før
Billettluka & barene åpner
20 min før
Dørene åpner
Start
Slutt
Etterpå Mat og drikke
Les mer
23:00 Olavshallen stenger

Salkart

Store sal
  • Teleslynge
  • Orkestergrav
  • Rullestol

Relaterte
arrangement

Ingen relaterte arrangement