Ingebjørg Bratland, Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester

JUL

søn. 08.12
Kl. 18:30
Nordstoga ingebjorg

Billettpris

  • Ordinær 730,-
  • Dinner & a show 1370,-
Dørene åpner 20 minutter før

Spise litt før konsert?

Velg restaurant

Det blir julehøgtid og juleglede når Ingebjørg og Odd tek med seg Det Norske Kammerorkester og lagar storslått konsert i desember. Endeleg var tida inne for dei to songfuglane å møtast i musikken som høyrer denne tida til: Julesongen. Tre gonger før har Odd Nordstoga teke med seg kammerorkesteret på juleturné, til fantastisk mottaking alle stader. Kanskje ikkje så rart. Med femten av landets aller beste strykarar leia av norsk orkestermusikks levande legende, Terje Tønnesen, er det lett å bli reve med. Med musikk som spenner frå drivande barokkmusikk til Odd Nordstogas nye klassikarar, blanda med folkemusikk og dei finaste julesalmer, kva er det som manglar då? Ingebjørg Bratland såklart! Og denne gongen er ho med. Femten år gamal stod ho framom ein mikrofon på heimgarden til Odd i Vinje. Der song ho inn ein song som heitte «Jul i Svingen». Lite ante ho då om kor kjent denne innspelinga skulle bli. Lite ante ho at mange år seinare, om ho song den i eit kulturhus kor som helst i landet, så ville alle i salen kjenne den. Men Ingebjørg kan meir enn å synge «Jul i Svingen». Ingen har ei stemme som Ingebjørg, og no skal den for fyrste gong på turné og synge jula inn. Det var på tide, for dette er det mange som gler seg til. I fjor gav Ingebjørg og Odd ut sitt andre album saman, «Langt heimafrå», og la ut på ein stor turné. Det vart ein stor suksess, med over 50 000 storfornøgde publikummerar frå nord til sør. Men no er det jula det skal handle om. Ingebjørg, Odd og Det Norske kammerorkester skal lage ein julekonsert som berre dei kan gjera det. Vel møtt til eit heilt unikt samarbeid. På scena er det nitten mann. Sytten fantastiske musikarar, to flotte artistar og den beste musikken. Det skal bli – JUL!

På scena: Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland, Thomas Gallatin: Trommer, Bjarne Gustavsen: Piano, Det Norske Kammerorkester, Konsertmeister: Terje Tønnesen

Ekstern arrangør: Stageway Talent AS

Praktisk info

Generell info

Sikker kjøpskanal

Tilgjengelighet

Gruppebestillinger og faktura

Barn under ett år

Hvor vil du sitte?

Hva skjer når?

Først Spis på restaurantene
1 time før
Billettluka & barene åpner
20 min før
Dørene åpner
Start
Slutt
Etterpå Mat og drikke
Les mer
23:00 Olavshallen stenger

Salkart

Store sal
  • Teleslynge
  • Orkestergrav
  • Rullestol

Relaterte
arrangement

Ingen relaterte arrangement