Hildegunn & Leif-Per
- UTAN Kringkastingsorkesteret
Kl. 18:30
- Lille sal Kjøp
Billettpris
- Ordinær 560,-
Spise litt før konsert?
Den eksentriske humorduoen frå Sunnmøre er endeleg tilbake i norsk showbiz!
Mykje har skjedd i livet til Hildegunn Moltubakk sidan sist: Ho har skilt seg etter 34 års ekteskap, ho har blitt bestemor til sju: May-Tordis, May-Monica, Magne-Svein, Therese-Merethe, Tove-Gunn, Per-Sindre og stakars, vesle Tim… Ho har også fått kjenne på dyrtida – og dermed fått seg deltidsjobb på Cubus. I tillegg har ho endeleg greidd å fullføre ei etterlengta nettutdanning som mental-coach ved The Californian Institute of Female Empowerment and Spirituality.
Leif-Per brenn inne med Sunnmøres største DVD-samling, og trass i at han har fått installert vakuumtoalett på hytta si - og at han sannsynlegvis er Sunnmøres mest habile gitarist, er han framleis singel. Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med sjølvaste Kringkastingsorkesteret. Det blir musikk, komikk og dramatikk…
Spenn deg fast for ein humorkveld som ikkje liknar så veldig mykje anna i den norske underholdningsbransjen!
Praktisk info
Generell info
Sikker kjøpskanal
Tilgjengelighet
Gruppebestillinger og faktura
Barn under ett år
Hvor vil du sitte?
Hva skjer når?
Les mer
Salkart
- Teleslynge
- Orkestergrav
- Rullestol