Ingebjørg Bratland
Kl. 19:00
- Store sal Kjøp
Billettpris
- Ordinær 665,-
Spise litt før konsert?
Velg restaurant
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige.
Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko.
Etter fleire år med ei rekordlang rekkje utselde konsertar saman med Odd Nordstoga, startar no eit nytt musikalsk kapittel for Bratland. Denne kvelden får publikum oppleve Bratland på sitt aller beste, med både kjende og nye songar, historieforteljing og ei formidlingsevne som fyller heile rommet.
Vi lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.
Ekstern arrangør: All Things Live og Dora 3
Praktisk info
Generell info
Sikker kjøpskanal
Tilgjengelighet
Gruppebestillinger og faktura
Barn under ett år
Hvor vil du sitte?
Hva skjer når?
Les mer
Salkart
- Teleslynge
- Orkestergrav
- Rullestol